Undervising i Fagskulen

 

Studiestad Førde – Byggavdelinga

Har du lyst på ein jobb å stortrivast i?

Fagskulen, studiestad Førde, er i stadig vekst. Vi har hatt stor auke i tal studentar, vi har utvikla nye linjer, har auka tal tilsette og vi har flytta i nye lokale. Vi er no samlokalisert med Campus Verftet, som framleis er under utvikling. Her har vi fått nye undervisningslokale, lab og kurssenteret under same tak.

Vi har fleire ledige stillingar, så ring gjerne eller kom innom for ein prat.

Søknadsfrist: 01.03.2023
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Førde
Stillingstittel: Undervisning Fagskulen
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4617667387

Arbeidsoppgåver

  • Vi treng ingeniørar som kan undervise våre lærevillige studentar.
  • Vi har i tillegg spanande arbeidsoppgåver i den vidare utviklinga av Campus Verftet. Det som er i etablering akkurat no er mellom anna KEM- og betong-lab. No har du sjansen til å vere med og påverke!

Kvalifikasjonar

Er du ingeniør, sivilingeniør eller fagskuleingeniør, og har fagkompetanse innan bygg, anlegg, KEM, taksering og/eller BIM? Då er du den rette for oss! Vi har i tillegg behov for lærar i leiing, økonomi og marknadsføring, realfag og kommunikasjon.

Om du har pedagogisk utdanning er det fint. Viss ikkje, legg vi til rette for at du kan ta det samtidig med at du jobbar her.

Personlege eigenskapar

  • Du liker tanken på å vere lærar på fagskulen for ein gjeng vaksne studentar med fagbrev og allsidig praksis.
  • Du har eit ønske om å formidle kunnskap, og å utvikle deg fagleg saman med dyktige kollegaer og studentar.
  • Du ser fordelen med prosjektbasert og studentaktiv læring.
  • Du er glad i faget ditt, og har evna til å engasjere deg, og samtidig engasjere andre.
  • Du ønsker å bidra til eit positivt arbeids- og læringsmiljø.

Vi tilbyr

  • Fagleg utvikling, interessante arbeidsoppgåver, lærevillige studentar, hyggelege og engasjerte kollegaer, gode faglege diskusjonar og høve til å knytte gode kontaktar i det lokale næringslivet.
  • I tillegg får du fordelane med å være tilsett i fylkeskommunen, med avtaleverk, rammevilkår, forsikringar og gode pensjonsordningar.

 

Søk på stillingen her.

 

Øyrane 12, 6800 Førde, Norge

Kontaktinformasjon

Jytte Kristin Eikenes, avdelingsleiar
957 56 969

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Jytte Kristin Eikenes
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 957 56 969

Lokasjon

  • Førde

Søknadsfrist

Mars 1, 2023