Faglærer VG2 Kjøretøy

 

UTVIDET SØKNADSFRIST!

Ledig vikariat som faglærer på kjøretøy

Frå 1. februar 2023 vert det ledig eit 100% årsvikariat som faglærar på VG2 kjøretøy. Skulen har i år 6 elevar på kjøretøy og vi søkjer ein person med fagbrev og arbeidserfaring som kan ta ansvaret for undervisninga i programfaga frå 1. februar 2023 – 1. februar 2024.

Opplysningar om skulen

Vest-Telemark vidaregåande er lokalisera på Dalen. Skulen har 52 tilsette og omlag 200 elevar. Vest-Telemark byr på rik kulturhistorie, innhaldsrikt kulturliv og storslått natur med gode tilhøve for friluftsaktivitetar. Vest-Telemark vidaregåande har tilbod innan fylgjande programområde: Studiespesialiserande, Helse- og oppvekstfag, Elektro og datateknologi, Teknologi og industrifag, Påbygg til generell studiekompetanse og eit utdanningsløp innan ein vekslingsmodell der elevar får all praktisk yrkesopplæring ute i bedrift. I tillegg har skulen eit ressurssenter som mellom anna gir snøskuteropplæring klasse S.

Om stillinga og avdelinga som stillinga høyrer innunder.

Avdeling for teknikk og industrifag har programområda vg1 Teknologi og industrifag, vg2 Industriteknologi, VG2 Arbeidsmaskiner og VG2 Kjøretøy.

Det ledige vikariatet er på VG2 kjøretøy, der den som vert tilsett får ansvaret for undervisninga i programfaga (Verkstadarbeid og Dokumentasjon og kvalitet) og ansvaret for faget Yrkesfagleg fordjupning, som blant anna inneber noko oppfølging av elevar når dei er ute i praksis i bedrift. Skulen har i år 6 elevar på VG2 Kjøretøy.

Avdelinga er kjend for høg kvalitet på elevar som går ut, og har høg gjennomføringsgrad. Vi set eleven og faget i fokus.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha fagbrev og arbeidserfaring innan aktuelt fagområdet.
  • Det er ein fordel om du har teknisk fagskule eller annan yrkesteoretisk bakgrunn, samt praktisk-pedagogisk utdanning og undervisningserfaring, men ikkje noko krav i eit vikariat.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt. Det er viktig med ei positiv haldning til ungdom i ulike livssituasjonar og evne til å etablere gode relasjonar til ungdom og kollegaer. Vi ynskjer medarbeidarar som vil strekke seg for å legge best mogleg til rette for læring.
  • Du er velkommen til å søkje stillinga sjølv om du ikkje fyller alle kompetansekrava.

Anna

Vilkår for stillinga følgjer av lov og avtaler som gjeld til ei kvar tid. Kopi av vitnemål og attestar leverast i samband med intervjuet. Den som blir tilsett må leggje fram politiattest jf. opplæringslova § 10-9. Dersom det ikkje melder seg søkjarar med naudsynte formelle kvalifikasjonar for fast tilsetting, kan det bli aktuelt med tidsavgrensa tilsetting.
Stillingsbehovet kan bli redusert/falle bort ved endringar som til dømes i elevtalet neste skuleår.

Offentleggjering

Søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å bli unntatt for dette. Dersom ynsket ikkje kan etterkommast, vil søkaren bli varsla om dette. (Offentleglova § 25)

Søke stilling

Søknad sendes via elektronisk søknadsskjema. Vitnemål og attester tas med til eventuelt intervju. Vi gjør oppmerksom på at alle våre søkere kommer på offentlig søkerliste jf Offentleglova § 25. Ønske om fritak fra offentliggjøring må du begrunne i søknaden. Dersom ditt ønske ikke innvilges, varsler vi deg om dette. Fylkeskommunen er opptatt av at arbeidsstyrken i størst mulig grad skal gjenspeile mangfoldet i befolkningen. Vi oppfordrer derfor alle som er kvalifisert til å søke uansett alder, kjønn, eventuell funksjonshemming, seksuell orientering, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Om fylkeskommunen

Fylkeskommunen er politisk styrt med fylkesordfører som øverste politiske leder. Fylkesdirektøren er øverste administrative leder.

Vestfold og Telemark fylkeskommune skal bidra til verdi for framtida gjennom kompetanse, samarbeid og åpenhet. Vi bidrar til samfunnsutvikling og verdiskaping i regionen, og har ansvar for viktige oppgaver innen bla videregående opplæring, kultur, folkehelse, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesveier, samfunnsutvikling samt regional- og arealplanlegging. Vi jobber tverrfaglig og setter innbyggernes behov i sentrum. Til dette oppdraget søker vi profesjonelle, inkluderende og modige medarbeidere som er gode relasjonsbyggere og løsningsorienterte lagspillere.

Vest-Telemark vidaregåande skule

Vest-Telemark vidaregåande skule ligg på Dalen i Tokke kommune. Vest-Telemark byr på rik kulturhistorie, innhaldsrikt kulturliv og storslått natur med gode tilhøve for friluftsaktivitetar. Skulen har ca 200 elevplassar og 52 tilsette. Skulen har tilbod innan fylgjande utdanningsprogram: Studiespesialiserande, Helse – og oppvekstfag, Elektro – og datateknologi, Teknologi og industrifag, Påbygg til generell studiekompetanse, vekslingsmodell innan Bygg og anleggsteknikk og Restaurant og matfag. I tillegg har Vest-Telemark vidaregåande skule eit ressurssenter som mellom anna gir snøskuteropplæring klasse S.

Arbeidssted Dalen

Stillingstype Vikariat

Stillingsstørrelse Heltid

 

Søk på stillingen her.

 

Søknadsfrist: 13.11.2022

 

Spørsmål om stillingen

Lars Ramdal Kleve, Avdelingsleder
480 06 639

 

Del stillingen

Selskap

Vestfold og Telemark fylkeskommune

Lenke til firma

https://www.vtfk.no/

Kontaktinfo

  • Lars Ramdal Kleve
  • Tittel: Avdelingsleder
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 480 06 639

Lokasjon

  • Dalen

Søknadsfrist

November 13, 2022