Landbruksforvaltninga for kommunane Askvoll, Fjaler og Hyllestad har ledig 100% stilling som Fagkonsulent landbruk

 

Kommunane Askvoll, Fjaler og Hyllestad fekk felles landbruksforvaltning frå 01.08.2020

Kontorstaden er Askvoll med kontordagar i Dale og Hyllestad. Kontoret har 5 stillingsheimlar.

Oppgåvene ved landbruksforvaltninga vert:

Rettleiing og forvaltning av midlar etter jordbruksavtalen
Sakshandsaming og landbruksfaglege vurderingar i samband med lovforvaltning og næringsutvikling
Kontrolloppgåver og ajourhald av landbruksrelaterte register
Teknisk planlegging i landbruket
Kommunen sin sakshandsamar på saker opp mot utviklingsmidlar i landbruket og andre finansieringskjelder
Fagleg rådgjeving og rettleiing
Sakshandsaming som gjeld tenesteeininga generelt, og andre oppgåver innan både jordbruk, skogbruk, viltforvaltning og miljøforvaltning

Vi ønskjer søkjarar med følgjande kvalifikasjonar:

Relevant utdanning/høgskuleutdanning innan landbruk og naturforvaltning
Det er ønskjeleg med bakgrunn og erfaring frå tilsvarande arbeid
Førarkort klasse B
Gode norskkunnskapar og god muntleg og skriftleg framstillingsevne
Gode personlege eigenskaper, med evne og vilje til positiv kommunikasjon og samhandling både kolligialt og puplikumsretta. Evne til å vere fleksibel og arbeide sjølvstendig
Kunnskap og erfaring i bruk av IKT-verktøy
Personlege eigenskaper vert tillagt stor vekt ved tilsetjinga.

Vi kan tilby:

Spennande og allsidige arbeidsoppgåver
Eit godt fagleg og sosial miljø
Løn etter gjeldande tariffavtale
Tenestepensjon i KLP

Den som vert tilsett må kunne disponere eigen bil i tenesta.
Tilsetjing skjer på vanlege kommunale vilkår etter gjeldande lover, avtaler og reglement.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid:  Dag

Arbeidsstad: Askvoll, Fjaler, Hyllestad

 

Søknadsfrist: 27.06.2021

 

 

Kontaktpersonar:

Geir Grytøyra

tlf: +47 57 73 07 36  mob: +47 970 69 946

 

Heimeside:

www.askvoll.kommune.no

 

Askvoll kommune LAF

Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har over 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.

 

 

Del stillingen

Selskap

Askvoll kommune

Kontaktinfo

  • Geir Grytøyra
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 57 73 07 36 mob: +47 970 69 946

Lokasjon

  • Askvoll

Søknadsfrist

Juni 27, 2021