Ergoterapeut 80% fast stilling

 

Helse- og omsorgsetaten i Askvoll har frå 03.04.23 ledig 80% fast stilling som ergoterapeut

Er du ergoterapeut og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg. I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap. Ergoterapeuten vil ha eit tett samarbeid med andre aktørar innanfor helsesektoren for å sikre en heilskapleg tilnærming og oppfølging, herunder heimetenesta, sjukeheim, spsialisthelsetenesta og hjelpemiddelleverandørar.

Arbeidsoppgåver:

Funksjonsvurdering/kartlegging
ADL-trening
Heimebesøk
Hjelpemiddelformidling
Tilpassing av bustad
Rehabilitering/habilitering
Tverrfagleg samarbeid
Rettleiing- og undervisningsoppgaver for brukarar, pårørande og andre faggrupper
Syn- og høyrselskontakt i kommunen, i samarbeid med eksisterande syn- og høyrselskontakt
Tilrettelegge for velferdsteknologi
Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
Arbeid etter 37,5 t/veke

Kvalifikasjonar:

Autorisasjon som ergoterapeut
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Den som blir tilsett må ha førarkort og disponere bil
Det er krav om framlagd politiattest før oppstart

Personlege eigenskapar:

Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Sjølvstendig, fleksibel og strukturert
Evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg med andre kommunale tenester
Evne til å møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov
Evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
Positiv og engasjert

Vi tilbyr:

Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
Løn etter tariff
Pensjonsordning i KLP
Flyttegodtgjerdsle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune

 

Søk på stillingen her.

 

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 28.02.2023

 

Tiltreding: 03.04.2023

 

Kontaktpersonar:

Lillian Vårdal

tlf: +47 57734508

Sara Terese Osland

tlf: +47 57734512

mob: +47 90607962

 

Heimeside:
www.askvoll.kommune.no
Adresse: Askvollheimen 6980 Askvoll

 

Askvoll kommune Heimetenester

Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har over 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.

 

Del stillingen

Selskap

Askvoll kommune

Kontaktinfo

  • Lillian Vårdal
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 57734508
  • Sara Terese Osland
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 57734512 mob: +47 90607962

Lokasjon

  • Askvoll

Søknadsfrist

Februar 28, 2023