Einingsleiar Vågen oppvekstsenter

 

 

Me søkjer:

Einingsleiar i 100 % fast stilling ved Vågen oppvekstsenter.

Hovudarbeidsoppgåver:

Som einingsleiar vil du vera ansvarleg styrar og rektor, du blir ein del av både styrar- og rektorgruppa som består av engasjerte einingsleiarar frå alle barnehagane og skulane i Vindafjord. Vågen barnehage og Vågen skule skal frå 1. august driftast som eit oppvekstsenter. Som ny einingsleiar blir du med å forma korleis ein skal organisera og drifta oppvekstsenteret. Einingsleiar er ansvarleg for den daglege drifta, tilpassing og utvikling av barnehagen og skulen. Einingsleiar har til saman 100% administrasjonstid, i tillegg til avdelingsleiar i 100 % stilling. Avdelingsleiar jobbar som leiar i barnehagen i dag.

Me ser no etter deg som er initiativrik og løysingsorientert, med evne til nytenking. Du må vera utviklings- og resultatorientert i arbeid med den pedagogiske verksemda i barnehagen og skulen.

Vindafjord kommune har høge ambisjonar for barn si utvikling og elevane si læring. Det er tydelege forventingar til einingsleiar som overordna pedagogisk leiar.

Einingsleiar rapporterer til barnehage- og skulesjef.

 

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent barnehage- eller lærarutdanning. Dokumentert pedagogisk kompetanse
  • Leiarutdanning (rektorskulen/styrarskulen eller anna relevant leiarutdanning) er ønskjeleg
  • Relevant leiarerfaring er ønskjeleg
  • Strategisk innsikt og visjonar for oppvekstsenteret si pedagogiske utvikling
  • Leia og følgja opp utviklingsarbeid og vedtekne planar
  • Gode samarbeidsevner, målretta og handlekraftig
  • Evne til å motivera og inspirera medarbeidarane
  • Innsikt i og evne til god økonomistyring

 

Andre opplysningar

Vågen oppvekstsenter kjem frå august 2023 til å ha 28 barn (40 plasser) i barnehagen og rundt 100 elevar på skulen, det er rundt 30 tilsette fordelt på barnehage og skule.

Vågen oppvekstsenter avdeling barnehage ligg i byggefeltet i Vågshagen, tett ved skulen i Ølensvåg. Barnehagen har i utgangspunktet tre avdelingar: Sjarmtroll 0 – 3 år, Bergtroll 3 – 5 år og Vågstroll 3 – 6 år. Men komande barnehageår vil det vera to avdelingar, Sjarmtroll og Vågstroll. Skulen flytta inn i ny bygning året 1997 og har leigeavtale for gymsal og kjøkken i del av bygning som Vågen bygdesenter eig. Skulen på Vågen oppvekstsenter er ein 1-7 skule.

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode personlege eigenskapar
  • God til å kommunisera resultat, identifisera utfordringar følgja opp tiltak
  • Meistrer norsk på ein god måte, både skriftleg og munnleg
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

 

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Mentor det første arbeidsåret
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

 

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

 

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

 

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 

 

Søk her

 

 

 

  • Referansenummer: 23/1186
  • Fylke: Rogaland
  • Jobbtype: Fast
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Arbeidstid: Dag
  • Søknadsfrist: 20.04.2023
  • Tiltreding: 26.06.2023
  • Arbeidsstad: Vågen oppvekstsenter

 

Kontaktpersonar:

Svein Carlos Gjil
tlf: +47 99078863

 

Heimeside:

www.vindafjord.kommune.no

 

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

 

Vindafjord kommune

Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har ni bygder med ca. 8.850 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å vera sentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje både mot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/a2b46e8d-9ad2-4260-9d05-f2090447add9

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kommune

Kontaktinfo

  • Svein Carlos Gjil
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 99078863

Lokasjon

  • Ølen

Søknadsfrist

April 20, 2023