Ullensvang kommune Ikt

100% fast stilling som dokumentbehandler ved Digitale tenester, Dokumentsenteret

 

Om verksemda og avdelinga:

Ved verksemda Digitale tenester er det ledig ein fast stilling som dokumentbehandlar ved Dokumentsenteret. Stillinga vil innehalde avslutting av eit ordningsprosjekt av eldre arkiv, og oppgåver knytt til drift. Dokumentsenteret ser til at kommunen ivaretek arkivansvaret i samsvar med arkivlova. Det inneber å ordna og innretta verksemda slik at dokumenta våre er sikra som informasjonskjelder i notid og for ettertida.

Arbeidsoppgåver:

Handtere post og arkiv for kommunen
Journalføre post i kommunen sitt sak- og arkivsystem, samt andre fagsystem
Utarbeide dokumentflytar/rutinar for dei ulike fagområda
Opplæring og support
Handtera innsynskrav
Fysisk postsortering
Arbeida med eldre fysiske arkiv
Andre oppgåver

Kvalifikasjonar:

Relevant utdanning som fagarbeidar innan kontorfag, eventuell anna arkivfagleg utdanning

Ynskjeleg med:

Høg IKT- og systemkompetanse
Evne til å sjå samanhengar mellom heilskap og detalj
Erfaring med sak- og arkivsystem
Erfaring med kommunal forvaltning

Personleg eigenskapar:

Serviceinnstilt og imøtekommande
Effektiv, strukturert og nøyaktig
Fleksibel og open for varierte oppgåver
Sjøvstendig og sjølvgåande
Ein god lagspelar

Anna:

Ynskjeleg med førarkort klasse B

Me tilbyr:

Løn etter gjeldande avtaleverk
Gode pensjons- og forsikringsordningar
IA-bedrift
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessant utfordringar
Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Søk på stillingen her.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 20.11.2022

 

Arbeidsstad: Ullensvang kommune

 

Kontaktpersonar:

Eir Sandstå

mob: +47 957 82 030

 

Heimeside:
ullensvang.kommune.no
Adresse: Opheimsgata 31 5750 Odda

Ullensvang kommune Ikt

– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

 

Del stillingen

Selskap

Ullensvang kommune

Kontaktinfo

  • Eir Sandstå
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 957 82 030

Lokasjon

  • Odda

Søknadsfrist

November 20, 2022