Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

Attraktiv stilling i solid verksemd med sterk marknadsposisjon

Dagleg leiar

 

Vi søkjer etter ein person som skal vere dagleg leiar for Dale Rør AS. Vi søkjer etter ein engasjert, tydeleg og samlande person med gode leiareigenskapar. Hovudoppgåva blir å utvikle verksemda vidare. Den rette kandidaten kan etter kvart også få tilbod om stilling som dagleg leiar i søsterverksemda Vest Rørteknikk AS.

Arbeidsoppgåver/ansvarsområde

  • Resultatansvar i selskapet
  • Utvikling av selskapet sin marknadsposisjon
  • Utvikling av fagleg nivå, i samarbeid med fagansvarleg
  • HMS og internkontroll
  • Økonomistyring

Vi søkjer etter ein person som

  • Har leiarerfaring med gode resultat og gode referansar
  • Har kompetanse og erfaring med forhandlingar og utforming av kontraktar
  • Har erfaring frå byggjebransjen eller faget. Gjerne med erfaring som ingeniør, prosjektleiar eller røyrleggjarmeister.
  • Vi kan tilby ein spennande, variert og utfordrande stilling med gode løns- og arbeidsvilkår i ei verksemd med evne og vilje til vekst.

 

FJELLBEKK AS

Spørsmål om stillinga kan rettast til bedriftsrådgjevar Toralf Alsaker i Fjellbekk AS, tlf 90 92 90 90, eller styreleiar Johan Magerøy i Dale Rør, tlf 91 81 95 45.

 

Søknadsfrist 25.01.2021

 

Ansettelsesform Fast

 

Om arbeidsgiveren

Dale Rør AS er leverandør av røyrleggjartenester i Sunnfjord-regionen, i hovudsak innanfor privatkundemarknaden. Verksemda har hovudkontor og butikkutsal på Øyrane i Førde (Sunnfjord kommune). Selskapet har opparbeidd solid økonomi og ein sterk marknadsposisjon etter meir enn 60 år i bransjen. Det er 15 årsverk i organisasjonen. Eigar og noverande dagleg leiar skal over i ny stilling i verksemda.

Vest Rørteknikk AS (VRT) er “søsterverksemda” til Dale Rør. VRT er VVS-entreprenør som tar større og mindre oppdrag innan privat og offentleg sektor, primært retta mot den profesjonelle marknaden (B2B). VRT gjennomfører oppdrag frå skisse til ferdig prosjekt og har 7 årsverk i organisasjonen.

 

Del stillingen

Selskap

DALE RØR AS

Kontaktinfo

  • Toralf Alsaker
  • Tittel: Bedriftsrådgjevar i Fjellbekk AS
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf 90 92 90 90
  • Johan Magerøy
  • Tittel: Styreleiar i Dale Rør
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf 91 81 95 45

Lokasjon

  • Dale I Sunnfjord

Søknadsfrist

Januar 25, 2021