Header Ulstein sommar

 

Avdelingsleiar

 

Om stillinga

Kan du tenkje deg å bli ein del av Eining 5 sitt leiarteam og jobbe med oppfølging og rettleiing av tilsette og administrative oppgåver?

Vi har ledig 100 % stilling som avdelingsleiar og søkjer no etter den rette til jobben.

Eining 5 består av Holsekerdalen 22, dette er omsorgsbustadar for menneske med funksjonsnedsetting, Holsekerdalen 24 aktivitetssenter og barneavlastning.

Omsorgsetaten i Ulstein jobbar aktivt i å bruke digitale løysningar

Vi vil det beste for innbyggarane i Ulstein. Vi satsar på digital teknologi og heimebasert omsorg som kan hjelpe både oss og innbyggarane til ein enklare kvardag. Vi samarbeider på tvers av avdelingane og spelar kvarandre gode, for å gi så gode tenester som mogleg. Slik skaper vi ein arbeidsplass med dyktige, effektive og motiverte tilsette. Slik skaper vi trivsel, meistring og tryggleik for dei som treng oss. I Ulstein skal det vere godt å leve heile livet.

Leiargruppa (einingsleiar og 2 avdelingsleiarar), har ansvar for Holsekerdalen si utvikling og drift. Einingsleiar fordeler faglege og administrative arbeidsoppgåver ut frå avdelingsleiarane sin kompetanse, erfaring og interessefelt.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 29.10.2023
Arbeidsgivar: Helse- og omsorgsetaten
Stad: ULSTEINVIK
Stillingstittel: Avdelingsleiar
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent:100
Webcruiter-ID: 4711140064

Arbeidsoppgåver

Heilskapleg leiaransvar
Ta initiativ, samarbeide og følgje opp personale i Eining 5
Samarbeide med brukarar, tilsette, føresette og andre for å skape trygge, gode og verdifulle dagar
Delaktig i utarbeiding av turnus
Dagleg drift som til dømes, vaktinnleige og generelle administrative oppgåver
Fylgje opp individuelle planar, tiltaksplanar med meir
Rettleiing
Dynamiske oppgåver delegert av einingsleiar

Kvalifikasjonar

Bachelor innan Helse- og sosialfagleg utdanning
Erfaring frå miljøarbeid
Erfaring med Helse og omsorgstenestelova kap. 9 er ynskeleg
Evne til å skape motivasjon og engasjement i avdelingane
Evne til å arbeide sjølvstendig

Personlege eigenskapar

Du jobbar smart og ler lett
Du har teamleiaren i deg og utøver tydeleg leiing gjennom å balansere styring og medverknad
Du etablerer tillitsfulle relasjonar og byggjer fellesskap, herunder profesjonsfellesskap og organisasjonskultur
Som audmjuk lagspelar engasjerer, motiverer og inspirerer du brukarar og kollegaer, samtidig som du har handlekraft og gjennomføringsevne ved å vere trygg, tydeleg, sjølvstendig og modig
Du identifiserer deg med Ulstein kommune sine verdiar nyskaping, omsorg, rausheit, mangfald
Du tek initiativ, er løysingsorientert, uthaldande og proaktiv og handterer fleire arbeidsoppgåver samtidig i ein hektisk kvardag
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

– Eit variert og utfordrande jobb med mange spennende arbeidsoppgåver
– Regulert løns- og avtalevilkår
– Eit godt tverrfagleg miljø med mange dyktige kollegaer
– Gode pensjons- og forsikringsvilkår
– Mogelegheit for kompetanseheving og kursing

 

Søk på stillinga her.

 

Holsekerdalen 22, 6065 Ulsteinvik, Norge

 

Kontaktinformasjon

Aase Djupvik
Einingsleiar 5
Telefon:48168222

 

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

Del stillingen

Selskap

Ulstein kommune

Kontaktinfo

  • Aase Djupvik
  • Tittel: Einingsleiar 5
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 48168222

Lokasjon

  • Ulsteinvik

Søknadsfrist

Oktober 29, 2023