Byggesakshandsamar Utviklingsavdelinga (søknadsfrist 01.02.2022)
Ål kommune Utviklingsavdelinga
Byggesakshandsamar
Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Er du glad i friluftsliv (ski, sykkel, klatring, riding, vandring) og set pris på eit rikt kulturliv er Ål plassen for deg – sentralt i Sør-Noreg midt mellom Oslo og Bergen.
Som vår medarbeidar blir du ein del av det faglege miljøet i kontorfellesskap med byggesak, oppmåling, landbruk, kart, næringsutvikling og folkehelse. Me er ein trivelig gjeng på 19 dedikerte medarbeiderar. Me supplerar kvarandre godt med breid kompetanse og eit høgt fagleg engasjement.
Arbeidsoppgåver
Avdelinga vår har eit stort ansvar for kommunen si utvikling med mål om å lage ein god stad å bu og flytte til. Dette gir utfordrande, varierte og interessante oppgåver både i planprosessar og sakshandsaming. Dine hovedoppgåver vil vera byggesak, delingssaker og matrikkelføring.
Vi ynskjer at du:
• Har formell byggfagleg kompetanse.
• Har erfaring frå arbeid med sakshandsaming og god kjennskap til plan- og bygningslova.
• Vil vera med å jobbe for ei positiv utvikling i Al.
Du kan og vera nyutdanna med relevant fagbakgrunn innan byggfag eller administrasjon/sakshandsaming.
Personlege eigenskapar
• Er open, lærevillig, nøyaktig og grundig og har evne til å gi god rettleiing til kundar om lovverk og planbestemmelsar
• Utrykker deg klart og forståeleg munnleg og skriftleg.
Me tilbyr
• Løn etter avtale. Tilsetting iht. gjeldande lov- og avtaleverk. Løn etter ansiennitet og kvalifikasjonar.
• Pensjonsordning gjennom Kommunal Landspensjonskasse.
• Me hjelper til med å skaffe bustad og barnehageplass.
Send søknad
Søknad på stillinga sendast elektronisk via heimesida til Ål kommune: www.aal.kommune.no . Når du har valt aktuell stilling er det ein grøn knapp «Send søknad» øvst i høgre hjørne. Du skal ikkje sende inn vitnemål og attestar. Ta med kopiar av disse til eit eventuelt intervju. Kommunen følgjer offentlighetsloven § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.”
Søknadsfrist 1. februar
Fylke: Viken
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Tiltreding: 01.04.2022
Arbeidsstad: Ål kommune
Kontaktpersonar:
Reidun Aaker
mob: +47 992 87 854
Svein Furuhaug
mob: +47 915 18 610
Heimeside:
www.aal.kommune.no
Ål kommune Utviklingsavdelinga
Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små.
I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg.
Oppvekstsektoren arbeidar med, betre læring, tverrfagleg arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av det pedagogiske arbeidet.
Helse og omsorgssektoren driv spanande prosjekter, som sett dagsaktuelle tema i fokus, velferdsteknologi, aldersvennlege samfunn, fagutvikling for autorisert helsepersonell.
Kultur, der er Ål kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal.
Drift og utvikling har viktige funksjonar for innbyggjarar og hytteeigarar og gjer Ål kommune til ein god stad å bu med kortreist og ein enkel kvardag.