Årdal kommune: #årdalmeirenndutrur #ardalkommune #mittårdal og mykje meir.

Når du kjem inn fjorden og trur du snart ikkje kan komma lengre, der finn du Årdal kommune, industribygda med urørt natur og kort veg til nasjonalparken Jotunheimen.

Årdal kommune kan smykka seg med å vera vertskap for fleire populære festivalar, både musikk og friluftlivretta, som trekker til seg folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.

Kommunen har 6 barnehagar, 2 skular, 1 vidaregåande skule. Vi har og bedriftshytte for tilsette og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen. Meir informasjon om kommunen på heimesida vår www.ardal.kommune.no. Sjekk oss
gjerne på Facebook og.

Alle er hjarteleg velkomne til oss!

 

Byggesakshandsamar

 

100% stilling som byggesakshandsamar

Arbeidsoppgåver

  • Fagansvar for byggesakshandsaming, sakshandsaming/vedtak av enkeltsaker og førebuing av saker til politisk handsaming
  • Tilsynsoppgåver etter plan og bygningslova
  • Ajourhald av matrikkel
  • Ajourhald på endringar i grunnlaget for eigedomsskatt
  • Rådgiving og publikumskontakt
  • Handsaming av bygge- og delesaker
  • Utslepp og utsleppstillatelse
  • Prosjektarbeid etter avtale, inkl utarbeiding av prosjektmandat

Kvalifikasjonskrav
Me ønskjer oss ein person som har:

  • Relevant høgskuleutdanning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gjerne erfaring innanfor fagområdet
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Fleksibel til å utføre andre arbeidsoppgåver etter avtale.

Løn og tilsettingsvilkår

  • Løn etter avtale utifrå kvalifikasjonar.
  • Offentleg tenestepensjon og forsikringsordning.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel «søk stilling» i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk «gløymt passord». Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

 

Søknadsfrist  27.01.20

 

Vår ref1049
Merk søknad

Fakta

Selskap Årdal kommune
Stilling Ingeniør
Stillingstype Fast heiltid
Lokasjon Tekniske tenester

 

Kontakter

Svein Arve Grindhaug
[email protected]
Arbeid  913 66 629

Del stillingen

Selskap

Årdal kommune

Kontaktinfo

Lokasjon

  • Årdalstangen

Søknadsfrist

Januar 27, 2020