Ullensvang kommune Hardanger barnevern

 

100% stilling som barnevernskonsulent ved Hardanger barnevern

 

Hardanger barnevern er ein barnevernteneste som dekkar kommunane Ullensvang, Eidfjord og Ulvik. Ullensvang kommune er vertskommune og våre kontor ligg i Odda sentrum. Tenesta har 14 ansatte ink. barnevernsleiar og merkantil.

Arbeidsoppgåver:

Sakshandsaming etter Lov om barneverntenester
Tverrfaglig samarbeid
Førebyggande arbeid

Kvalifikasjonar:

Høgskuleutdanning, fortrinnsvis barnevernsutdanning / sosionom eller annan relevant høgskuleutdanning.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Eigenskapar:

Ein må vera engasjert og motivert for å arbeida med barn/ungdom og familiane deira.
Vi vektlegg gode samarbeidsevner, evne til å skapa gode relasjonar, samt tørre å ta ansvar.
God arbeidskapasitet og evne til sjølvstendig arbeid.
Personleg eigenskap vert vektlagt.

Vi tilbyr:

Lønn etter kvalifikasjon og avtale
Eit arbeidsmiljø med høg kompetanse
Utfordrande og varierte oppgåver.

Anna:

Politiattest må framleggas ved tilsetjing.
Ein må ha førarkort.

Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast  Heiltid/Deltid: Heiltid  Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 01.08.2020

 

Arbeidsstad: Odda

 

Kontaktpersonar:

Elin Fossåen  mob: +47 97558510

 

Heimeside:
www.ullensvang.kommune.no

 

Ullensvang kommune Hardanger barnevern
– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

Del stillingen

Follow by Email
Facebook
Twitter
LinkedIn

Selskap

Ullensvang kommune

Kontaktinfo

  • Elin Fossåen
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 975 58 510

Lokasjon

  • Odda
  • Kinsarvik
  • Jondal
  • Eidfjord
  • Ulvik

Søknadsfrist

August 1, 2020