Ynskjer du å vere leiar og bli med på å utvikle psykisk helse -og rustenestene i Stord kommune?

Stord kommune har ledig stilling som avdelingsleiar i Oppsøkande tenester i eining for psykisk helse og rus. Eininga omfattar oppfølgingstenester i bustad, støttesamtalar, helsetenester i heimen, praktisk bistand og opplæring, lågterskel helsetilbod til personar med rusvanskar, aktivitetssenter for personar med psykiske helseutfordringar, samt ulike gruppetilbod til målgruppa.

Avdelingsleiar sine hovudoppgåver:

  • Leiing og koordinering av den daglige drifta i avdelinga
  • Daglig ansvar og oppfølging av fag og personale
  • Fokus på faglig og personlig utvikling av medarbeidarane
  • Bidra aktivt i tverrfaglig innsats og samhandling, utvikling på tvers av avdelingar, tenesteområde og ulike samarbeidspartnarar
  • Fylgjer opp eininga sine målsetjingar
  • Ordinære driftsoppgåver

Me søkjer ein leiar som:

  • Har relevant utdanning innan helse -og sosialfag. Sjukepleiarar vert oppmoda til åsøkje.
  • Vidareutdanning innan leiing vert vektlagt.
  • Har god kompetanse på IKT og interesse for digitale løysingar
  • Har erfaring frå arbeidsfeltet
  • Har motivasjon og evne til å leia og vidareutvikla avdelinga og eit personale med sjølvstendige og kompetente medarbeidar, – gjennom å gje tillit, handlingsrom og stille krav
  • Er utviklings- resultat- og løysningsfokusert, med basis i nært og gjensidig samarbeid med leiar, fagpersonell, brukara, pårørande og eksterne samarbeidspartnaren
  • Har samhandlingskompetanse, og ser samanheng og løysningar på tvers av tradisjonelle fag og avdelingar
  • Kommuniserer tydeleg, arbeider strukturert og sjølvstendig, set klare mål og fylgjer opp
  • Er open, raus, fleksibel, lojal, positiv, initiativrik og strukturert og etisk reflektert
  • Personlege eigenskapar vert sterk vektlagt.

Me kan tilby deg:

  • Du vert del av eit leiarteam i ei eining med fokus på brukar, utvikling og kompetanse
  • Tverrfagleg samarbeid internt i kommunen og spesialisthelseføretaket
  • Teamarbeid med spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Offentlig tenestepensjon i KLP – Kort fortalt

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysninga får ein ved å venda seg til Einingsleiar Diana Bergeland tlf 952 43 278 og Kommunalsjef Knut Gram tlf. 975 52 011

Søknadsfrist: 12.12.2021

Søk på stilling