Voss – bygd for sterke opplevingar

Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust – vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.

 

Spennande stillingar for sjukepleiarar

 

Vil du vera med å innføre tillitsmodellen i område Vest?

Heimesjukepleien og kortidsavdelinga har ledig 3 faste stillingar for sjukepleiar i 100 % stilling frå snarast. Heimesjukepleien og kortidsavdelinga har ledig fast stilling for sjukepleiar i 25 % på natt.
Heimesjukepleien og kortidsavdeling skal i nær framtid slåast sama til ei avdeling. Me ynskjer fleksible sjuepleiarar som kan jobbe både inn og ute,i heimane til brukaren og på institusjonsopphald.

Søkjaren må vera fagleg dyktig og kunna samarbeide med ulike profesjonar, vera fleksibel samt vera med og bidra positivt til miljøet i avdelingen og utvikling av teneste
Det er viktig for oss at du er opptatt av kvalitet i arbeidet du utfører, og har fokus på at pasientane skal få ei så god heilheitleg pleie og behandling som mogeleg.

Om arbeidsstaden

  • Heimesjukepleien og korttidsavdelinga ligg under område vest, Voss sjukeheim. På natt er det heimesjukepleien sone vest som server heile heradet.
  • Du vil få trivelege og fagleg dyktige kollegaer. Du vil vere ein viktig medspelar i kvalitetsforbetring og utvikling av tenestene.

Arbeidsoppgåver

  • Utvikling av tenesta, velferdsteknologi ol.
  • Heilheitleg pleie, omsorg og behandling av brukarane.
  • Utarbeiding av tiltaks- og pleieplanar
  • Rettleiing av lærlingar og studentar
  • Vera medansvarlig for et godt arbeidsmiljø
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Pådrivar for utvikling av tenestene

Me søkjer

  • Deg som er sturkturert og fleksibel og har stort brukar fokus.
  • Stillinga krev sjukepleieutdanning med norsk autorisasjon
  • Som hara gyldig arbeids- og opphaldstillatelse
  • Gode norskkunnskapar

Me tilbyr

– gode vilkår for fagleg utvikling
– eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
– gode forsikrings- og pensjonsordningar
– løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søknad

Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss herad, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

 

Søknadsfrist 18.12.20

 

Vår ref2699
Merk søknad

Fakta

Selskap
Voss herad StillingSykepleier
Stillingstype Fast tilsett
Lokasjon Sone vest

 

Kontakter
Magnhild Grønningsæter
[email protected]
Mobil  414 71 006

 

Del stillingen

Selskap

Voss kommune

Lenke til firma

https://voss.herad.no/

Kontaktinfo

Lokasjon

  • Voss

Søknadsfrist

Desember 18, 2020