Hardanger og Voss museum søkjer

Avd. leiar – vikariat ved Hardanger folkemuseum og Agatunet

 

Hardanger og Voss museum søkjer

Avdelingsleiar — vikariat, 100% stilling frå snarast til 1.2. 2023 ved Hardanger folkemuseum og Agatunet.

Museet har ei allsidig drift. Me forvaltar kulturhistoriske bygg og samlingar, og driv formidling til eit breitt publikum i form av utstillingar, omvisingar, undervisningsopplegg, og kurs i tradisjonelt handverk. Me har utleige av lokalar, kafé og servering. Her er ei konsertscene for folkemusikk. Museet har om lag 10 fast tilsette, og fleire sesongtilsette.

Hovudoppgåva til avdelingsleiar er å fylgja opp, koordinera og vidareutvikla alle desse varierte driftsområda, saman med dei tilsette, frivillige/venelag og eksterne samarbeidspartar.

Viktige arbeidsoppgåver er:

Fagleg og administrativt ansvar for Hardanger folkemuseum, Agatunet, Bu museum og Skredhaugen.
Budsjett- resultat- og personalansvar.
Planleggja, fylgja opp og gjennomføra museet sine oppgåver og prosjekt
Søknadsarbeid og rapportering
Samarbeid og vidareutvikling
Me søkjar etter ein strukturert, inkluderande og trygg leiar som har forståing for museet sitt samfunnsoppdrag, er målretta og kommuniserer godt. Universitets- eller høgskuleutdanning innan relevante fag er eit krav, samt kapasitet til å fylgja opp og koordinera mange og varierte arbeidsoppgåver. Søkjarar bør ha relevant erfaring frå museumsfagleg/kulturfagleg arbeid og leiarerfaring.

Avdelingsleiar rapporterer til direktør i Hardanger og Voss museum og inngår i leiargruppa for Hardanger og Voss museum. Det må påreknast noko reiseverksemd, samt helge- og kveldsarbeid. Kontorstad er Hardanger folkemuseum, Utne.

Museet tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar. Løn etter gjeldande regelverk.

Nærare opplysningar om stillinga kan de få ved å kontakta direktør Åsmund Kristiansen,

Tlf: 91746811 eller avdelingsleiar Agnete Sivertsen, tlf 95934698. Send søknad med CV og referansar til [email protected] innan 27.oktober 2021. Tilsetting

Søknadsfrist: 27.10.2021

 

Send søknad til:
[email protected]

Om stillingen

Stillingstittel: Avdelingsleder

Sted: Museumsvegen 36, 5778 Utne

Ansettelsesform: Vikariat

Heltid/deltid: Heltid

Arbeidsdager: Ukedager

Arbeidstid: Dagtid

Oppstart: Etter avtale

 

Kontaktperson for stillingen

Åsmund Kristiansen, Direktør

Telefon:  917 46 811

 

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver: Hardanger folkemuseum
Adresse: Sandvenvegen 56, 5600 Norheimsund

Hjemmeside:
https://www.hardangerogvossmuseum.no

 

Hardanger og Voss museum er eit konsolidert museum beståande av institusjonane Agatunet, Hardanger fartøyvernsenter, Hardanger folkemuseum, Kvam bygdemuseum, Ingebrigt Vik museum, Granvin bygdemuseum, Voss folkemuseum og kunsthuset Kabuso.

Hardanger og Voss museum har stor geografisk spreiing, og institusjonane har stor tematisk breidde. I tillegg til kulturhistoriske museum omfattar Hardanger og Voss museum eit av dei få reine skulpturmusea i landet, eit kunst- og kultursenter og eit nasjonalt fartøyvernsenter. Museet er regionsmuseum Hardangerkommunane og Voss kommune.

Hardanger folkemuseum er regionalt folkemuseum for kommunane i Hardanger. Museet vart etablert i 1911, og held til på Utne. Hardanger folkemuseum har også avdelingar på Bu og Skredhaugen, og forvaltar det nasjonale kulturminnet Agatunet, eit freda klyngetun som husar den unike Lagmannsstova frå om lag år 1220. Viktige fagområde er folkemusikk, tekstil, bygningsvern, fruktdyrkingshistorie og mellomalder.

 

 

Del stillingen

Selskap

Hardanger og Voss museum

Kontaktinfo

  • Åsmund Kristiansen
  • Tittel: Direktør
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 917 46 811

Lokasjon

  • Utne

Søknadsfrist

Oktober 27, 2021