Avdelingsingeniør

 

Vatn og avløp, Kommunalområde Samfunn

To 100 % faste stillingar ledig for tiltreding etter avtale.

Vi ser etter saksbehandlarar med kompetanse innan forureiningsregelverket og offentleg forvaltning.

Som saksbehandlar i verksemd for vatn og avløp får du vere med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag. Du vil få faglege utfordringar og saker relatert til eit stort og variert område. Du vil òg bidra til å styrke avdelinga si rolle som ansvarleg myndigheitsutøver.

Avdeling leidningsdata og myndigheitsutøving har 14 tilsette og er ei av seks avdelingar i verksemd for vatn og avløp i Ålesund kommune. Avdelinga er tillagt kommunens myndigheit etter forureiningsregelverket, som til dømes løyve til utslepp av sanitært avløpsvatn, påslepp frå olje- og fettavskiljarar, tilsyn og forsøplings-/forureiningssaker. Avdelinga har tilhaldsstad i Ålesund sentrum.

Søknadsfrist: 06.01.2023
Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn
Stad: Ålesund
Stillingstittel: Avdelingsingeniør
Stillingar: 2
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4592577095

Arbeidsoppgåver

Saksbehandling innan myndigheitsutøving etter forureiningsregelverket
Kommunisere både skriftleg og munnleg med brukarar/abonnentar og andre offentlege myndigheiter
Bidra i etablering/fornying av lokale forskrifter og andre regelverk/normer
For den som har interesse for det, vil det også vere mogeleg å delta i utviklingsarbeid knytt til arbeidsmetodikk og organisering av kommunen sitt arbeid på fagområdet
Eventuelt andre oppgåver og saksbehandling innan verksemda

Kvalifikasjonar

Bachelor eller master innan vatn og avløp, miljø- eller kommunalteknisk område
For søkjarar med anna utdanning kan relevant erfaring kompensere for utdanningskravet
God kjennskap til forvaltningslova og forureiningsregelverket
Erfaring frå eller med offentleg forvaltning er ein fordel
Gode samarbeidsevne og evne til å finne løysingar i kryssingspunktet mellom ulike interesser

Personlege eigenskapar

Interesse for miljøsaker og samspel mellom offentleg myndigheit og utbyggjar/verksemd/abonnent/innbyggjar
Du trivst med å rettleie, er løysingsorientert og kan handsame ulike synspunkt
Du ønskjer sjølvstendig ansvar innanfor fagfeltet og ønskjer å byggje kompetanse basert på eigne og avdelinga/verksemda sine erfaringar på ein konstruktiv måte
Du er lagspelar og har gode samarbeidsevner
Du er resultatorientert og likar å vere del av eit fellesskap med høg aktivitet

Vi tilbyr

Fagleg utfordrande og utviklande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø med variert kompetanse
Opplæring og mogelegheiter for kurs
Fleksibel arbeidstidsordning basert på normalarbeidstid
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Løn etter avtale

 

Søk på stillingen her.

 

Storgata 25, 6002 Ålesund, Norge

Kontaktinformasjon

Rose Mari Refsnes, Avdelingsleiar
911 56 432
[email protected]

 

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

 

Del stillingen

Selskap

Ålesund kommune

Kontaktinfo

Lokasjon

  • Ålesund

Søknadsfrist

Januar 6, 2023