Areal- og samfunnsplanleggjar- 2.gongs utlysing

 

Me har ledig

100 % fast stilling som areal- og samfunnsplanleggjar ved avdeling for plan og forvaltning frå snarast.

Arbeidsoppgåver

Stillinga høyrer til plan og forvaltningsavdelinga som er plassert i rådmannen sin stab.

Desse hovudoppgåvene er lagt til stillinga:

– Overordna kommuneplanarbeid
– Reguleringsplanar og områdeplanar
– Koordinering av arbeid med kommunedelplanar og temaplanar
– Koordinering av kontakt med eksterne rådgjevarar
– Anna arbeid ved avdelinga

Kvalifikasjonskrav

Me søker ein person med relevant utdanning frå universitet / høgskulenivå.
Praksis og erfaring frå arbeid med kommunal planlegging vil verta vektlagt.
GIS kompetanse er ynskjeleg, men ikkje eit krav.

Personleg eigenskapar

– Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
– Evne til å arbeida sjølvstendig og systematisk
– Gode datakunnskapar og systemforståing
– Positiv, handlekraftig og engasjert
– Ynskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Me tilbyr:

– Opplæring og god oppfylgjing
– Eit trivleg arbeidsmiljø
– Flexitid

Løns- og tilsetjingsvilkår

Løn og andre vilkår i samsvar med kommunal tariffavtale.
Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 57 69 82 00.

 

Søk på stillingen her.

 

Søknadsfrist 20.08.2022

 

Vår ref619 Merk søknad

Fakta

Selskap Vik kommune

Stilling Rådgiver

Stillingstype Fast

Lokasjon Kommunehuset

 

Kontakter

Mats Sæterlid, Avd.leiar Plan of forvaltning
[email protected]
Mobil  976 05 006

 

Vik kommune haromlag 2600 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod. Tenestemålet er nynorsk.
Vik kommune er ein stor arbeidsplass med om lag 320 tilsette fordelt på ca 260 årsverk og eit brutto driftsbudsjett på220 mill.kr.

 

Del stillingen

Selskap

Vik kommune i Sogn

Kontaktinfo

  • Mats Sæterlid
  • Tittel: Avd.leiar Plan of forvaltning
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: Mobil 976 05 006

Lokasjon

  • Vik I Sogn

Søknadsfrist

August 20, 2022